Min første bubil

I august fant eg ut at eg ville kjøpe egen bubil framfor å låne heile tida. Grunnen var at den eg lånte har liten plass inni buenheten og var kronglete å lage mat, trang sitteplass, og ikkje minst lav takhøgde.

Når eg skulle lage mat «sat» eg nesten på bordet bak meg, pluss at eg måtte stå med bøygd hovud. Dette blei for meg eit irritasjonsmoment kvar gong, og gleda blei litt borte.

Før eg fant bubilen eg ville ha bladde eg meg gjennom hundrevis av annonser på finn.no, plukka ut dei som var egna til mitt formål, og starta elimineringen. Dette tok tid, men meinar at det var verdt det for å få ein bubil etter mine krav.

Til slutt sat eg igjen med ein Kabe Travel Master. 06-modell som ikkje hadde høg km-stand, og såg ut som var godt vedlikeholdt.

Då planen er å bruke den på vinterstida og var oppvarming viktig. Denne har elektrisk oppvarming, gass, webasto, varmevekslar, vannbåren varme i gulv og veggar, samt vinterisolert. Veldig god seng er det og, brei og fin. På kjøkkenet er det god plass med 4 kokeblusser, grillovn og komfyr. Her kan eg stå heilt oppreist sjølv om eg står under air-condition-vifta. Stort kjøleskap og egen frys. Kjøleskapet er effektivt og godt, og har bedre kjøling enn kjøleskapet eg har heime.

Førarplassen er ikkje det heilt store for oss som er over gjennomsnittlig høge. Dette fordi frontruta er lav så sjølv om ein stiller setet å langt ned som mulig vil ein sitte og sjå ut rett i underkant av solskjermen. Det skulle ha vert mulig å fått setet 5 cm lavere, samt vert bedre/fleire justering/-mulighter på ratt og sete. Men ein må inngå litt kompromiss med seg sjølv så dette får duge inntil videre. Einaste eg savnar no er forbrenningstoalett.

Kommentarer

Legg igjen en kommentar