Dynamofeil

Der dukka første feil opp!

Ladelampa har begynt å lyse så dette må sjekkast opp i . Skal egentlig på ein liten samling til helga, men vil ikkje reise på tur hvis ladinga har røke. Problemet er at eg no hinkar rundt på krykker så er ikkje mykje eg får gjort før helga, og må eg skifte dynamo så er ikkje det ein smal sak heller. Eg bur i «grisegrendt» strøk så er ikkje berre å reise på verksted å få skifta på dagen. Nei, her må det bestillast og sendast først, og med tanke på transport av varer så kan dette ta ei veke. Eg har faktisk opplevd leveranse på ekspress over natt har tatt 7 dagar, så dette er ikkje berre berre!

Eg må prøve å hinke meg opp bakken med måleinstrument for å måle ladinga!

Er spent på om det blir tur….

2 tanke på “Dynamofeil

  1. Problemet funnet!
    Når eg brukar sirkulasjonspumpa klarar ikkje dynamoen å lade nok strøm til 12V-anlegget så eg må passe på at denne er av så lenge eg ikkje har behov for den.
    Dynamoen ladar med 13,6V som nok er for lite til alt utstyret.

Legg igjen en kommentar